Forside FOLKs opplæringstilbud Bunadopplæringa
Bunadopplæringa
Ny kursrekkje Skriv ut

band_nettsideHausten 2009 starta ny kursrekkje i Bunadopplæringa.
Påmelding til  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  eller på telefon 61 21 77 50

Kursrekkja består av seks modular, der kvar modul er eitt kurs. Til saman vil desse kursa gje deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadsaum. Modulane fordeler seg over tid, og du vil bruke tre år dersom du vil gjennom alle modulane på normert tid. Dei ulike modulane blir  haldne på forskjellige stader i landet.
haandplaggKursavgifta er kr. 2 500,- per modul. I tillegg kjem utgifter til kost og losji.

Modul 1
Introduksjon til bunadtilverkarfaget.

Modul 2 Drakthistorie og bindingslære
Modul 3 Sting, saum og brodering
Modul 4 Skjorte og linsaum
Modul 5 Tilpassing av mannsbunad 
Modul 6
Tilpassing av kvinnebunad

Brosjyre for Bunadopplæringa
Du treng Adobe Reader for å laste ned brosjyrene. Last ned programmet gratis her.

 
Om Bunadopplæringa Skriv ut

Bunadssaum byggjer på tradisjonelle håndverksteknikkar og er gamal  kunnskap i Norge. Bunadtilverkarfaget medverkar til å ta vare og formidla tekstilhandverkstradisjon, kultur og identiet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Sjølv om det er ein gamal tradisjon var det fyrst i 1997 det kom under lov om fagopplæring. Det er i dag få tilbod innan dette faget anten du er ungdom i fyrste videregåande nivå eller vaksen.

Bunadopplæringa er bygd opp kring lærarplanen i bunadtilverkarfaget, og denne kursrekkja kan inngå som eit grunnlag for å gå opp som privatist i faget og kan vera ein del av eit løp til svennebrev.
Kompetansekrav

Om å ta svennebrev

 
Kursrekkja som er avslutta Skriv ut

Konebunad_Voss_resizeFørste modulrekkje av Bunadopplæringa blei avslutta på Holmen Gård 15. - 19. februar. Vi kjem attende med meir om avslutninga seinare.

Meir om den avslutta kursrekkja kan du lese under.

GJENNOMFØRTE MODULAR:

Modul 9
Syiing og tilpassing av kvinnebunad

15. - 19. februar 2010, Holmen Gård, Gjerstad

Les mer …
 
Ny bunadtilverkar med sveinebrev Skriv ut

blindheimsvik_rezAne Sofie R. Blindheimsvik tok sveinebrev som bunadtilverkar i august. Ho held til i nærleiken av Ålesund og syr Sunnmørsbunaden for dame og herre.
I august i 2008 tok Ane Sofie ein modul av Bunadopplæringa. - Sjølv om eg berre var med på denne eine modulen synest eg at det var svært nyttig. Ikkje minst var det godt for meg som berre har konsentrert meg om Sunnmørsbunaden å treffe bunadtilverkarar som syr andre typer bunader. utveksling av erfaringar om korleis ting blir gjort andre stader og det å få kontakt med andre som driv med same fag er svært nyttig, seier Ane Sofie.
Bildet: Bunadtilverkar Ane Sofie R. Blindheimsvik med modellen Daniel Rettenberger som hohar sydd herretrøya til

Les mer …
 
 

Ny kursrekkje

Modul 3
Sting,saum og brodering
20. - 24. september 2010
Holmen Gård, Gjerstad

Modul 4
Skjorte og linsaum
31.januar- 04.februar 2011
Holmen Gård, Gjerstad

Modul 5
Tilpassing av mannsbunad
19.- 23.september 2011
Holmen Gård, Gjerstad

Modul 6
Tilpassing av kvinnebunad
30.januar- 03.februar 2012
Holmen Gård, Gjerstad 

 

 

 

Besøk på sida

Vi har 9 gjester her nå